Nrk: Sommer i P2
Sagt om Elisabeth Thorsens «Sommer i P2»:
Mens eg bakte brød sist onsdag, snakka presten Elisabeth Thorsen så livsklokt i radioen at eg spissa øyra og lytta. Ho heldt eit forfriskande oppgjer med den skamma som så ofte følgjer religionen, og greidde innsiktsfullt ut om korleis trening av kroppen kan gje fred i sjela. Ikkje minst snakka ho om hender: Om den romerske prefekten Pontius Pilatus som vaska dei velpleidde hendene sine etter at han hadde dømt Jesus til døden, og dei sårmerkte, men opne hendene til Jesus.
Teksten er fra avisen Klassekampens arkiv